I dag har vi hatt premiereframsyning for ein heil gjeng smårollingar på 3 til 5 år. Dei siste to vekene har eg og 8 andre frå musikkteater altså jobba med barneteater, og laga ei barneframsyning med Disneyfilmen Oppdrag Nemo (Finding Nemo) som utgangspunkt. I vår versjon blir Nemo (som eg forresten spelar) fanga av Kaptein Sabeltann og piratane hans, og til slutt klarer pappa Frode å redde han med hjelp frå m.a. ein kjempeblekksprut.

Stykket inneheld eit par grove logiske “feil”, som til dømes at Kaptein Sabeltann og piratane uten problem held til under vatn, men det såg ikkje ut til at nokon av ungane tenkte over det. Den største bresten kjem på slutten etter at Nemo er redda og blekkspruten inviterar til fest i Blekkspruthagen, når Kaptein Sabeltann kjem og seier: “kan ikke vi også få være med? Men vær så snill, vi har pepperkaker!” og alle blir glade.

Ungane såg uansett ut til å elske det, sjølv om nokre av dei måtte gøyme seg og gråte litt fordi Kaptein Sabeltann og haien var så skummel. Det er kjempeartig å spele for så små folk, for dei er liksom så med heile tida. Om eit par timar skal vi ha skuleframsyning, og då blir nok responsen litt annleis – men kjekt blir det uansett!

Eg spelar forresten trommer på heile tre songar, mellom anna havfrueversjonen av Spice Girls-songen Wannabe. Eg har aldri spelt trommer før, så dette er på ein måte gjennombrotet mitt på den fronten. LITT tøft.

Nok ein gong har det gått i overkant lang tid sidan sist eg oppdaterte bloggen. I mellomtida har eg gjort meg ferdig med russetid, eksamenstid (med ein overraskande kjekk eksamenskonsert), vidaregåande generelt, sommarjobb, Utøya (der eg fekk helse på sjølvaste statsministeren) og nok ein lang USA-tur – som eg har ganske mange kjekke bilete frå som forhåpentlegvis kjem ut her før eller sidan.

No har eg flytta til Jessheim og starta ein ny (og betre) kvardag. Ikkje som harrynazist altså, men som folkehøgskuleelev på Romerike fhs. Her går eg musikkteaterlinja saman med 17 andre sprudlande og motiverte ungdommar og 2 artige, søte og motiverande lærarar. Heile skulen har fokus på teater og musikk, med linjene kostyme og teatersminke, lyd og musikk, lysdesign, scenografi, teater og musikkteater. Her er med andre ord i overkant av 100 elevar med like interesser og såpass mykje sjølvironi, motivasjon og pågangsmot at eg trur dette kan bli eit kjempeår!

Vi har faktisk gjort ganske mykje hittil, både i klassa og med alle på skulen skulen. Allereie etter første veka vart heile skulen kasta ut på operataket for å vere statuer etter éin dag med førebuing. Vi var altså slike statuer som ein ofte finn i syden, slike som bevegar seg og gjer noko rart om du gir dei pengar. Eg og Marte i klassa var gamle, pripne overklassebedehusdamer med tekoppar og såpebobler. Vi fekk overraskande mykje god respons, spesielt frå damer 50 pluss. Og så var det mange turistar som tok bilete av oss og gjorde rare ting for å få oss til å le, så vi fekk altså kjenne litt på “gardistfølelsen”.

Elles har vi vore på Eidsvoll og leika grunnlovsfolk og i Oslo og sett både Jesus Christ Superstar og Peer Gynt.

Det bør forresten også nemnast at den nye kvardagen min er mykje sprekare enn den gamle, med både jazzdans/hiphop og argentisk tango, i tillegg til den obligatoriske musikaldansøkta kvar veke. Dessutan joggar eg på eiga hand også. Eg har lova meg sjølv at dersom eg ikkje klarer å fortsette og vere så nestenflink som eg er på joggefronten no, skal eg byrje på valfaget “kom i form med Haldis”. Men eg skal nok klare å kome i form med meg sjølv inntil vidare.

I tillegg kan det nemnast at eg har ein kjempekjekk romkamerat og 24 andre herlege sambuarar som eg kan skrive meir om seinare.

7734_101535089862871_100000191407900_39569_2784994_n

Slik er elevane på Romerike.

Eg må innrømme noko: Eg har faktisk gløymt at eg hadde blogg. Det er eigentleg veldig synd, for eg har opplevd veldig mykje dei siste månadane som er verdt å skrive blogginnlegg av. Her er ei oversikt over det viktigaste:

Desember: Advent og jul (sjølvsagt). Mykje familie (sjølvsagt). Klassa hadde eit julespel på oppdrag frå Ørsta torg som vart kjempekjekt (sjølvsagt). Eg fekk ein saksofon (no skal eg slutte å seie “sjølvsagt”).p1030479p1030457p1030486p1030425

Januar: Pappa vart 50. Mykje kake og mykje familie.

Februar: Eg vart ferdig med enda eit musikksæremne, denne gongen munnleg. Eg søkte og kom inn på 7 folkehøgskular, og bestemte meg til slutt for å seie ja til musikk og teater på Romerike. Musikklinja hadde sin årlege musikal og var på “turne” heilt til Ulsteinvik. Eg sang solo for første gong. I vinterferien reiste familien til Funäsdalen i Sverige (som vanleg), og sto på ski heile veka.

p1030805

Mars/april: Eg vart “ekte” politikar. Klassa reiste på tur til London, der eg mellom anna såg tre musikalar, handla mykje og hadde bursdag 1. april. I tillegg vart eg ferdig med enda eit særemne, denne gongen i norsk. Har fullstappa programmet for sommarferien allereie, og har altfor mykje å sjå fram til. No er det påskeferie, og eg har byrja å pynte russebuksa mi, hittil med bokstavar i glinsande stoff, stykemerke, paljettar, perler og tekstilmaling.

Til slutt litt ekstra mange bilete frå London:

2785_68390180779_526800779_2109584_7084997_nn558510193_2073120_1632190n558510193_2073123_7087068cimg36471cimg37002785_68393555779_526800779_2109636_1825475_n1n558510193_2073118_1485104

n558510193_2072963_43146433

No sit eg altså her og skal skrive musikksæremne – eller ”fordjupingsoppgåve i musikk i perspektiv”, som det så fint vert kalla i desse reformasjonstider - tre veker etter tida. Det er litt rart/skummelt/artig/vedmodig at dette er noko eg har så mange aversjonar mot å gjere at eg faktisk endar opp med å skrive på bloggen min i staden.

Elles las eg eit par konsertmeldingar frå kyrkjekonserten som vi (musikklinja) hadde sist torsdag. Konsertmeldingar av slike konsertar blir eigentleg aldri heilt rettferdige for alle som er med, sidan det er så altfor mange som fortjenar omtale. Men denne gongen var vel eg ein av dei heldige, kan ein seie. I Sunnmørsposten i dag står det: 

I kyrkja må sjølvsagt barokkepoken vere representert. Og den gode barokklangen og –rytmen fekk eit mindre kor, dirigert av Kristin Øye Gjersdal, fram.

     Denne unge dirigenten var også ein mykje brukt klarinettist under konserten. Svært lovande musikar, som berre eit par gongar fekk visse problem med det vanskelege registerskiftet på dette instrumentet.

 

Det var riktignok flisa og ikkje “det vanskelege registerskiftet” eg hadde visse problem med, men denne omtalen var eg gankse fornøgd med (særleg dette med “svært lovande musikar”). Magne I. Våge pirkar ofte, men det er meir eller mindre slik det skal vere. Det er alltid kjekkare med konstruktiv aviskritikk enn med refererande konsertartiklar som kun seier at den og den spelte det og det og at alt var bra (her bør spesielt Møre føle seg treft). Dette er fyrste gong eg opplever “ekte” konstruktiv aviskritikk om meg sjølv, og følelsen av å bli teken seriøst er veldig god.  

Eg har ved fleire høve lova meg sjølv at eg ikkje skal tørrsnakke om vêret på bloggen min, men nok ein gong vert freistinga for stor. Det siste døgnet har snøen nemleg dala ned i eitt sett, og julestemninga ljomar over alle fjordar og fjelltoppar. Folk kallar det “snøstorm”, men det er sjølvsagt berre fjas. I går etter gymtimen laga eg ein snømann ute i stormen. Eg har lova meg sjølv at dersom det lar seg gjere, skal eg ut og stå på ski i morgon. Dersom eg blir ferdig med særemnet.

 

Særemnet, ja. Jessdå. Det skal eg jobbe med no. 

 

Eller etterpå, for akkurat no kimar introen til “20 spørsmål” ut frå radioen! Konsentrasjonsevna får nok kvile seg bittelitt til.

(Nei, eg skriv vanlegvis ikkje fjortis med to s-ar.)

I går lot eg meg rive med til min første fjortissøskenkrangel med Marit, som mellom anna inneheldt kake i trynet og sennep i håret (mitt). Det siste førte til at eg måtte dusje før eg for på trening (ja, trening!), men opplevelsen var verdt det. Før eller seinare (i mitt tilfelle sistnemde) må ein jo ha ein fysisk fjortiskrangel. I alle fall når ein er jente.

Sidan eg har fått meg ny datamaskin, vil eg feire min inaktivitet på bloggen med å legge ut bilete frå USA og Praha i nærmaste framtid. Lovar. Kanskje.

I forgårs gjenoppdaga eg plutseleg S Club 7. Det var heilt tilfeldig, for eg sat berre på rommet mitt og hadde besøk av Ingvil og heldt på å gjenoppdage Smurfehits, då eg brått streifa borti mappa merka “S Club 7″. Sjølvsagt klarte eg ikkje å halde fingrane unna, og ved dei første tonane på S Club Party og Bring It All Back strauma alle minna frå 5. – 6. klasse på.

Dette var tida då den største bekymringa i kvardagen var om heimkunnskapslæraren ville finne ut kva vi hadde putta i maten hennar og den største byrda det kontinuerlig rotete rommet som stadig måtte ryddast. Og dei største idola var sjølvsagt S Club 7. Dette var gruppa med dei tynnaste, penaste folka med minst kle, kulast musikk med ekstremt meiningsfulle tekstar, dritkule musikkvideoar med heftig dans, og eigen TV-serie som måtte sjåast kvar dag. Er det rart eg var megafan?

Etter å ha høyrt ein del på S Club 7 dei siste to dagane, kom eg på at eg kunne finne musikkvideoane deira på YouTube. Her er den første eg såg, til det som sannsynlegvis var den songen vi høyrde mest på, Bring It All Back: (Legg merke til nittitalsfaktene. Damer i stringbikini på rulleskøyter og sånn.)

Eg fann også eit særs artig liveopptak i ekte harryjulestil: