Så har eg opplevd det òg. Eg har vore med på opninga av det nye gasskraftverket Ormen Lange, som skal dekke 20 % av Storbritannia sitt gassbehov og samtidig gjere snøen på Sunnmøre endå blautare og gulare enn den allereie er. Dette har sjølvsagt kosta kjempemykje pengar, og ein million eller så vart sett av til å samle alle dei fire musikklinjene i fylket til å vere med på opninga som eit kjempekor. Mange av oss var noko skeptiske til å vere med og feire noko som vil spy ut så mykje CO2, men vi vart bedne om å sjå profesjonelt på det og vere med likevel. Og sjølvsagt bruke pengane til Statoil Hydro. Og det gjorde vi.
Vi budde to og to på rom på hotell Alexandra og åt mat heile tida. Det var stort sett det vi gjorde. Øve, vente og ete. Men det var svært kjekt. Eg har blitt kjent med mange musikkelevar både frå Fagerlia, Molde og Kristiansund, og mange førsteklassingar. Og så har eg blitt betre kjent med folk i klassa.
Venstre: Trude, Ingvil og Henrik under frukosten fyrste morgonen.
Høgre: Olav, Ingvild og Torgeir som solar seg i ei av dei få pausene der vi ikkje åt.
Eg delte rom med Trude. Det var veldig kjekt, sjølv om eg kvar morgon fekk høyre kor innpåsliten eg hadde vore i søvne. Siste natta prøvde ho å rulle meg vekk frå hennar side av senga, og då berre tok eg tak rundt handleddet hennar og heldt handa rett opp vêret ei god stund før eg slapp.
Torsdag kveld var vi på jazzklubb. Det var kos. Fredag kveld hadde vi generalprøve og såg Idol og åt og fann på den nye hiten “Tru-de eller heis” (fordi Trude ville vere sosial og ta heisa heile tida). Ja, ta heis var faktisk veldig sosialt, sidan der alltid var nye, late musikkelevar som ikkje ville gå trapp og som vi kunne helse på.
Sjølve showet var ganske mykje større enn eg hadde førestilt meg. Det var på Aker stadion i Molde med ei stor scene midt på bana og ein diger 360 grader storskjerm rundt heile tingen der tribunene er. Dei kalla det Europas største multimediashow og Noregs største kulturarrangement nokonsinne. Og det blei veldig bra, altså. Vi (koret) sang “O fortuna” i det som liksom var klimakset i showet, då kongen nettopp hadde opna den tomme ventilen (som eigentleg ikkje opna for gassen) unødvendig seint (det veit eg, for på generalprøva var det ein annan mann som gjorde det, og han berre vippa spaken opp). I tillegg kora vi til “Rubber and Soul” og “Song nr. 6″ med Ane Brun. Dersom eg hadde vore lesbisk eller ikkje jente, hadde eg sikkert blitt forelska i henne (slik som mange andre blei). Ho var veldig søt og mykje penare i verkelegheita enn på bilete og slikt.
Venstre: Kor 1 på ei av øvingane i Bjørnsonsalen.
Høgre: Ane Brun på generalprøva.
Utanom Ane Brun spelte også Brazz Brothers, Dance With a Stranger, Röyksopp og fleire. På skjermane fekk vi sjå vestlandsnatur og folk som var svært glade for at industrien var blitt så bra og ein mann som hadde fått baby og ein orm som beit seg i halen. Det heile var ganske spektakulært. Det er berre å sjå når det kjem på tv ein eller annan gong før jul!

2 comments
Comments feed for this article
oktober 8, 2007 kl. 10:38 pm
Ingvil
So kan no berre allmenelevane ha det so godt. Det e mykje meir spennande å vere musikkfreak.
oktober 9, 2007 kl. 5:56 pm
Ormen Lange har kanskje ikkje Co2-reinsing… « Ingvil Håberg
[...] du vil lese meir om den spanande turen til Molde, og om sjølve opninga, kan du trykke her, her, eller her. Det er mykje enklare enn at eg skal skrive noko som allereie har blitt [...]