Sjå for deg dette: To pent pynta jenter med høghæla støvlettar, kvar sin trillekoffert og ei stor (og ganske tung) fruktkorg, trippe om bord på Lauvstadferja. Dersom du då var ein ferjevand person frå “den andre sida”, ville du kanskje tenkt noko slikt som “kva har desse jentene på Lauvstad å gjere?” eller “huff, desse stakkars, urbane sminkedokkene som ikkje veit kva dei går til”. Det var i alle fall det eg og Ingvil såg for oss sto i hovuda på folk då vi entra 16.15-ferja til Lauvstad sist laurdag. Kanskje nokre tenkte “så kosleg at utanforståande folk kjem for å sjå på adventsfesten vår!”, men det verka ikkje slik, i alle fall ikkje då vi bar med oss all bagasjen opp i øvste salongen og gav oss til å posere med fruktkorga framfor kamera, før vi byrja å rote opp i koffertane etter sminke og spegel fordi Ingvil ikkje hadde sminka seg endå.

Sjølve adventsfesten var faktisk mykje betre enn forventa. Eg og Ingvil var kanskje dei som lo høgast på alle Henrik-sketsjane, og i alle fall dei som song aller finast på Det lyser i stille grender (så fint at alle snudde seg og såg på oss, faktisk). Og så vann bestemora til Henrik den deilige fuktkorga med alle dei reine mandarinane.

Etter festen og adventsryddinga for vi (eg, Ingvil, Henrik, og syskenbornet hans, Edvin) opp i garasja og la oss til i sovesofaen og såg på Mumfie, heilt til vi sovna ut på natta ein gong. Vi sov nydeleg godt, og det kom ingen hjort eller gaupe og fortyrra oss.

Middag fekk vi også, deilig hjortegryte og dessert og greier. Og så rakk tilmed eg og Ingvil å ha ein syskenkrangel med broren til Henrik, som plutseleg fann ut at han ville spraye oss med snøspray. På ferja tilbake passa vi på å sjå litt meir ferjevande ut enn vi gjorde dagen før, noko eg synest vi klarte svært bra. Vi var til og med dei siste som forlet salongen då ferja skulle leggje til. Dette må gjentakast neste år!

Til slutt nokre grisedeilige bilete:

cimg0970.jpgbilde-014.jpg

bilde-052.jpgbilde-065.jpg