Så har eg hive meg på pianotrenden (sjå her og her), eg òg, og skaffa meg eit flunkande nytt digitalpiano, Yamaha CLP-240. Kanskje eigentleg litt i seinaste laget, men betre seint enn aldri. I heimen har vi nemleg planlagt å kjøpe piano i ca. to år no, men det har liksom aldri skjedd, før 30. november i år.
Eg fekk hjelp av Ingvil og Trude til å “spele det inn”, med nokre ikkje heilt vellukka bluesimprovisasjonsforsøk og litt blaspeling ifrå boka som følgde med.


Mamma har tulla litt med at pianoet har fått stjernenykker etter at sjølvaste Henrik Koppen har vore her og spelt på det, ikke berre éin, men opptil fleire gongar, til og med. Eg berre fnys når ho seier det, eg likar ikkje at pianoet mitt får nykker over at nokon annan enn eg har spelt på det. Mitt piano. MITT. Dessutan er det jo mange andre sjølvaste personar som har spelt på det, utan at det nødvendigvis har hatt så mykje å seie. Ta til dømes sjølvaste Ingvil Håberg eller sjølvaste Trude Brandal, sjølvaste Øystein Øye eller sjølvaste Sigrid Øye Gjersdal.
Sigrid og Marit synest det er ganske morosamt å “lure” oss andre til å tru at dei spelar medan pianoet spelar ein av dei innspelte songane som står i boka. Eg likar å lure dei andre til å tru at eg “lurar” dei, ved at eg spelar ein av dei songane som står i den boka medan eg smiler litt lurt. Alltid like morosamt, men nokre gongar kan det vere noko frustrerande dersom dei fortsatt ikkje trur meg etter at eg har avslørt meg. Pianoet har mange andre snedige funksjonar også, USB-tilkoplingsmoglegheiter og slikt. Og ein DDE-knapp. Eg veit ikkje heilt kva den er til enda, men den lyser raudt og seier “her blir det liv, rai, rai” når eg trykkjer på den. Neida. Men den lyser i alle fall raudt.
I heile år (og eigentleg i fjor òg) har eg brukt det at eg ikkje har piano, men berre eit lite fislekeyboard, som unnskyldning når eg ikkje har øvd på pianoleksa mi (dvs. om lag kvar veke). No har eg ikkje denne unnskyldninga lenger. Det er litt surt, men eg får berre bite det i meg og øve litt no og då, sjølv om det er så mykje anna eg heller ville ha spelt i staden for dei keisame standardskulepianomelodiane. No har eg dessutan fått alle Alle tiders sangbok-bøkene i julegåve, og då hadde det jo vore litt kjekt å øve seg litt på besifring og sånn.
Det som er så greit med eit piano, er at det berre står der, klar til å bli spelt på. Ein treng ikkje å pakke det opp og varme det opp før ein kan spele skikkeleg på det, som med ein klarinett. Ein treng ikkje tørke pianoet når ein er ferdig med å spele på det, heller. Dessutan finst det piano omtrent alle stader der ein treng å spele piano. Difor slepp ein pianospelar (eller pianist, om du insisterar) å ta med seg pianoet sitt overalt. Det hadde forresten kanskje vore litt mykje styr om pianistane måtte hatt med seg pianoa sine over alt, men berre tenk på dei som spelar kontrabass. Og sjølvsagt dei som spelar klarinett, for spør du meg, er det nesten unødvendig mykje styr å skulle ha med seg instrumentet over alt, i alle fall på skulen, når vi må skifte klasserom og bygg og sånn heile tida. Og dersom eg skal noko rett etter skulen, kan eg ikkje berre legge klarinetten igjen på skulen og håpe at den vil ligge der og vente på meg neste dag (den var trass alt ganske dyr).
Pianoet står der altså heile tida, klar til å ta imot meg om eg skulle ville spelle litt (det med to l’ar i “spele” kom automatisk, faktisk), dersom det ikkje er oppteke. For eeeigentleg er det ikkje berre mitt piano. Men eg likar å late som.

3 comments
Comments feed for this article
desember 29, 2007 kl. 12:49 am
Henrik
Men det som er da med å reise frå piano til piano, er at ein aldri veit kva for eit piano ein får. Somme tider får ein ikkje rekke å bli kjent med pianoet før ein skal opptre på det (feil preposisjon gitt). Så blir ein satt ut etter dei første taktene. Dersom du speler på omsorgsenter til dømes vil du oppdage at det finst mange dritpiano. For ikkje å snakke om bedehuspiano. Eg triller meg søkk! Ein gong eg skulle spele Bryllupsdag på Troldhaugen på Gnisten fekk eg latterkrampe under konserten fordi det som skulle vere ein kvint i byrjinga I ALLE FALL ikkje var nokon kvint.
desember 29, 2007 kl. 1:16 am
Kristin
Skjønar problemet. Men du er vel fri til å ta med deg pianoet ditt om du skulle ønskje det?
desember 29, 2007 kl. 1:05 pm
Sølvi
ouhh piano:D
Gjett kva eg fekk til jul da?! Ein gitar av alle ting. elsk!!