I går var det påskeferie. Det er det ikkje i dag, og ikkje i morgon heller, og synd er det. Men herlegheit, for ei fin påske det har vore - og då tenkjer eg ikkje spesielt på mi påske, men på påska generelt. Det som overraska meg mest, var vêret. (Nei, dette er ikkje eit blogginnlegg med mykje tørrprat om vêr, og heller ikkje om klima og global oppvarming.) Eg kan ikkje hugse sist vi hadde så klisjétypisk påskevêr. Likevel var eg ikkje på ski ein einaste gong i løpet av påska. Det er nesten litt flaut å kalle seg skientusiast og ikkje fare på fjellet i påska, men slik er det altså. Det som reddar meg, er at eg var på fjellet heile vinterferien.

Men foreldra mine var spreke og kom seg ut med ski på beina, og dei kunne begeistra fortelje at nokon hadde køyrt med trakkemaskin heilt frå bommen, opp til Melshornet. Diverse høgtidlege familiesamankomstar og ein god del giddaløyse gjorde at eg ikkje kom på å kome meg ut før siste dagen i ferien - i går. Men steik, kor gøy det var!

Eg tok med meg rattakebrett og iPoden og gjekk oppover, forbi alle dei andre akebrettspora, forbi Prestesætra og langt oppi gokk, betre kjent som “opp til flata”. Først var målet mitt å kome meg opp til Dinglavatnet, men det var to faktorar (oioioi, no føler eg meg smart) som gjorde at eg ikkje gjekk heilt opp; For det første var det ganske seint på ettermiddagen, og mørkret kom overraskande fort, og dessutan var det mykje mørk skog på alle kantar. For det andre hadde eg ei ganske lang, flat strekning framføre meg, og flate bakkar er jo ikkje akkurat det mest utfordrande og adrenalinkickande når det gjeld aking. Så eg stoppa altså då eg var komen ca. opp til flata. Eg snudde akebrettet, humpa meg oppå, shuffla fram ein brukbar song på iPoden og heiv meg utfor. Kjempekjekt!

Kjektkjektkjekt. Eg ergrar meg grøn over at eg ikkje fann ut kor kjekt dette var før siste dagen i påskeferien, men det får berre vere slik. No veit eg det uansett til neste år. Eg tok meg i alle fall ein tur opp i dag òg, og i dag var det ekstra kjekt, for eg fekk med meg Mari. Ho overraska meg med å plutselig stå i gangen og sjå ut som en svært sjarmerande, stor unge. Vi gjekk berre ca. halvveis opp til Prestesætra, men etterpå bestemte vi oss for å sjekke ut potensielle akebakkar i nærområdet. Sidan mine lokale geografikunnskapar ikkje er heilt på topp, og Mari var så dum at ho stolte på meg, enda vi opp nede ved rekkehusa. Men kjekt var det likevel, sjølv då Mari etter å ha sagt hadet, la til: “Herregud, vi kunne jo ha heldt på slik heile påska!”

For å krydre teksten litt, tek eg med eit bilete frå då eg, Sunniva og Henrik vassa oss ”opp til flata” rett før påskeferien:

cimg1527.jpg