I forgårs gjenoppdaga eg plutseleg S Club 7. Det var heilt tilfeldig, for eg sat berre på rommet mitt og hadde besøk av Ingvil og heldt på å gjenoppdage Smurfehits, då eg brått streifa borti mappa merka “S Club 7″. Sjølvsagt klarte eg ikkje å halde fingrane unna, og ved dei første tonane på S Club Party og Bring It All Back strauma alle minna frå 5. - 6. klasse på.

Dette var tida då den største bekymringa i kvardagen var om heimkunnskapslæraren ville finne ut kva vi hadde putta i maten hennar og den største byrda det kontinuerlig rotete rommet som stadig måtte ryddast. Og dei største idola var sjølvsagt S Club 7. Dette var gruppa med dei tynnaste, penaste folka med minst kle, kulast musikk med ekstremt meiningsfulle tekstar, dritkule musikkvideoar med heftig dans, og eigen TV-serie som måtte sjåast kvar dag. Er det rart eg var megafan?

Etter å ha høyrt ein del på S Club 7 dei siste to dagane, kom eg på at eg kunne finne musikkvideoane deira på YouTube. Her er den første eg såg, til det som sannsynlegvis var den songen vi høyrde mest på, Bring It All Back: (Legg merke til nittitalsfaktene. Damer i stringbikini på rulleskøyter og sånn.)

Eg fann også eit særs artig liveopptak i ekte harryjulestil: